I sine tidlege ungdomsår var det skarpskyting som var den største interessa hennar. Og som 14 åring slo ho den nasjonale rekorden i denne idretten. Det hende berre 9 månadar etter at ho byrja med sporten. Etter at ho hadde vunne ein del prestisjetunge konkurransar vart ho kåra som sports jenta av året 2006 av Singapore Nasjonale Olympiske Råd.
Det var ikkje før ho vart 16 at ho for alvor starta med fotografering og i 2007 slutta ho på det nasjonale lage i skarpskyting for å bli ein profesjonell fotograf. Det same året blei ho eit av medlemma i Masters Photographers Association, etter berre 6 månadar som profesjonell fotograf hadde ho allereie teke bilete for Mercedes Benz, Pond’s, Wakom og nokre til. Året etter hadde ho sin første solo utstilling i The Arts House i Singapore. Ho kalla utstillinga ”Something Beautiful”.
Nokre personar som ho får inspirasjon frå: Peter Lindbergh, John William Waterhouse and Yoshitaka Amano.
Redemption av Zhang Jingna

Eg likte dette biletet svært godt. Fotoet er enkelt, men samstundes ganske kraftig og ”livlig”.
Det einaste me ser på bilete er ei jente som poserer. Ho har svart hår og kjolen hennar er heilt kvit, det er berre overkroppen me kan sjå på bilete. Den einaste bakgrunnen som ein kan sjå er ein gråfarge som er lysast i midten og tonar ut i ein mørkare farge i ytterkanten av bilete. Det er litt vanskelig å sjå kvar lyset kjem frå, men det kan virke som om det kjem frå den sida av jenta som me ikkje ser, eller det kjem frå ”taket” oppe til venstre.
Det kjem ein vind frå bakken og får alt til å røre på seg.
Det er nesten ikkje fargar på biletet, det kan nesten virke som om det er eit svart og kvitt, men den lyse rosafargen på huden avslører.
Den kvite kjolen mot det svarte håret passar ganske godt. Det kan virke som om bilete kjem litt i ubalanse pga det mørke håret, men skuggen på hendene og det kvite på kjolen gjer at fotoet blir meir eller mindre balansert.
Noko av det som er fint med dette biletet er at fokuset er retta på kjolen, ein kan sjå at både håret og andletet er litt uklart. Fokuset på kjolen gjer at biletet blir fult av liv sjølv om det er ganske enkelt.
Eg synest det er vanskelig å tolke dette bilete. For å forstå bilete trur eg det blir viktig å sette bilete i samanheng med tittelen som er redemption som då tydar befrielse. Då blir det med eit fleire måtar du kan tolke bilete på. Kjolen kan sjå ut som eit par vingar bak på ryggen. ”Fri som ein fugl” er jo eit kjend uttrykk. Og då assosierer eg det med det. Så kan det ha eit meir sjeleleg preg. At vinden som pressar kjolen opp blir eit symbol på at sjela forlat kroppen på eit vis, då kan jo død komme med inn i bilete. Men det vil på ein måte bety det same, enten du blir fri som fuglen eller sjela blir sett fri så vil befrielse vere eit nøkkelord. Eg er usikker på kva fotografen kan meine. Det kan kanskje spegle tilbake på hennar eige liv. At ho kanskje følte seg fengsla på eit vis, men når ho byrja med sin fotokarriere følte ho seg fri?




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar