
Design for ein norsk butikk som sel jenteklær. 2000, Eirik Seu Stokkmo
Typografi:
Det er lite bruk av typografiske verkemiddel, dei spelar ikkje ei stor rolle i denne komponisasjonen. Det kjem klart fram kva funksjon dette kortet har med at ”gavekort” er framheva. Bokstavane er skreve på skrå, det står i stil med ”sommarfuglane” som er plassert på skrå nedover bilete.
Ordet oppe til høgre er ikkje så framheva. Men den gule fargen får auga til å sjå den vegen og då oppdagar ein feltet der ein skal skrive beløpet.
Fargar:
Det er få fargar på bilete. Kortet består av 4 fargar, som passar godt i lag. Det som skal bli framheva har fargane kvitt og gult. Det som ikkje er så viktig har fargane mørkeblå og lyseblå.
Komposisjon:
Bilete består av 5 element. 2 figurar som blir godt lagt merke til, nokre ”sommarfuglar”. Og feltet der ein skal skrive beløpet og plassen der det står ”gavekort”.
Teknikk:
Det er vanskelig å konkret seie kva for teknikk designaren har brukt. Sidan det er brukt fleire fargar kan det hende at silketrykk blei brukt, men digitale verkemiddel er kanskje det eg ville ha prøvd.
Målgruppe:
Sidan designet er laga for ein jentebutikk går eg ut i frå at målgruppa då blir jenter. Ut i frå designet trur eg at butikken ynskjer å nå fram til jenter i alle aldrar.
Personleg så synest eg at det appellerer til yngre jenter, kanskje barn.
Kva er det som er jentete med designet? Sommarfuglane, fargane, jentefiguren… men den robotfiguren gjer biletet eit meir mandig preg. Men er figurane ”søte”? Kanskje?... Er det det som gjer det jentete?
”Jentefiguren” på kortet er logoen til butikken. Det er litt merkelig at figuren er sur, det betyr kanskje at jenter skal ikkje finne seg i alt, dei kan vere like gode som guter?
Kreativt/originalt?
Ja, det vil eg hevda. Eg har kanskje sett design som liknar, men likevel har designet eit særpreg som er lett å kjenna igjen. Figurane er originale og det er sommarfuglane også.
______________________________________________________________________________________________


Design for Øyafestivalen i Norge. 2004, Eirik Seu Stokkmo
Typografi:
Det som er litt spesielt med skrifta eller måten det er skrive på er at det står Ö i staden for Ø.
Skrifta er ikkje spesielt framtredane, det kommuniserer godt med motivet. På den kvite bakgrunnen er det lett å sjå kva det står og fargane og storleiken gjer at det ikkje stel oppmerksemda frå motivet.
Fargar:
Det er mykje bruk av fargar på bilete, men fargane er nedtona og gjer at det blir behagelig å sjå på. Dei gråe ”stjernene” bak sommarfuglane passar godt med fargane og storleiken på sommarfuglane. Den kvite fargen i bakgrunnen fungerer godt med motivet.
Komposisjon:
Motivet fungerer bra på formatet av produktet. Dei tre sommarfuglane gjer biletet fargar og liv. Bokstavane som er plassert under sommarfuglane, trer godt fram, men tek ikkje all oppmerksemda frå biletet.
Teknikk:
Sidan det er bruk av ganske mange fargar vil eg tru at digitale verkemiddel er brukt.
Målgruppe:
Alle som likar fellesskap, sommar, sol og musikk. Fellesskap fordi det er tre sommarfuglar. Sommar og sol fordi det er då sommarfuglane trivest. Musikk fordi stjernene bak sommarfuglane kan assosierast med rytme(?).
Kreativt/Originalt:
Eg har sett sommarfugla før i forbindelse med musikk og sommar. Eg vil ikkje seie at det er så veldig originalt.
______________________________________________________________________________________________

T- skjortemønster for reload, Branstads eigen kolleksjon av klær. 2004
Typografi:
Her er den typografiske utforminga viktig. Det skal komme godt fram kva som er bedrifta sitt namn. For å få dette fram er det brak av kontrastar og store og små bokstavar.
Fargar:
Her er det bruk av to fargar. Oransje som bakgrunnsfargen og ein slags brunfarge som får fram motivet.
Komposisjon:
Det meste av motivet er plassert på den høgre sida av bilete. Ein kan sei at designet består av fira element. Ein har bilen og flammane som slikkar seg bortover mot venstresida. Så har ein bokstavane, orda og tala og til slutt har ein ”boblane” som omringar nokre av orda og tala.
Teknikk:
Her vil eg tru det er bruk av siletrykk.
Målgruppe:
Målgruppa denne gong er menn. Grunnen er bilen og flammane som blir illustrert, fargane som er brun og oransje appellerer også til menn.
Kreativt/Originalt:
I likskap med dei andre designa vil eg også seie her at motivet ikkje er spesielt originalt i og med at du kan finna liknande motiv andre plassar. At bilar er meir ein gutteting enn jenteting er ikkje originalt i det heile.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar