mandag 14. juni 2010

fredag 26. mars 2010

Om grafisk design

Oppgåve:
Design ein plakat som forklarar kva grafisk design er. Du velgjer sjølv kor mykje tekst du vil bruke. Ver kreativ, samstundes som du er bevisst på typografi, komposisjon og farge. Du kan gjerne la deg inspirere av stilen i eit av arbeida du har sett på, men alle foto og illustrasjonar du brukar skal vere eigenproduserte.

mandag 15. mars 2010

Grafisk Design



Design for ein norsk butikk som sel jenteklær. 2000, Eirik Seu Stokkmo

Typografi:
Det er lite bruk av typografiske verkemiddel, dei spelar ikkje ei stor rolle i denne komponisasjonen. Det kjem klart fram kva funksjon dette kortet har med at ”gavekort” er framheva. Bokstavane er skreve på skrå, det står i stil med ”sommarfuglane” som er plassert på skrå nedover bilete.
Ordet oppe til høgre er ikkje så framheva. Men den gule fargen får auga til å sjå den vegen og då oppdagar ein feltet der ein skal skrive beløpet.

Fargar:
Det er få fargar på bilete. Kortet består av 4 fargar, som passar godt i lag. Det som skal bli framheva har fargane kvitt og gult. Det som ikkje er så viktig har fargane mørkeblå og lyseblå.

Komposisjon:

Bilete består av 5 element. 2 figurar som blir godt lagt merke til, nokre ”sommarfuglar”. Og feltet der ein skal skrive beløpet og plassen der det står ”gavekort”.

Teknikk:
Det er vanskelig å konkret seie kva for teknikk designaren har brukt. Sidan det er brukt fleire fargar kan det hende at silketrykk blei brukt, men digitale verkemiddel er kanskje det eg ville ha prøvd.

Målgruppe:
Sidan designet er laga for ein jentebutikk går eg ut i frå at målgruppa då blir jenter. Ut i frå designet trur eg at butikken ynskjer å nå fram til jenter i alle aldrar.
Personleg så synest eg at det appellerer til yngre jenter, kanskje barn.
Kva er det som er jentete med designet? Sommarfuglane, fargane, jentefiguren… men den robotfiguren gjer biletet eit meir mandig preg. Men er figurane ”søte”? Kanskje?... Er det det som gjer det jentete?

”Jentefiguren” på kortet er logoen til butikken. Det er litt merkelig at figuren er sur, det betyr kanskje at jenter skal ikkje finne seg i alt, dei kan vere like gode som guter?

Kreativt/originalt?
Ja, det vil eg hevda. Eg har kanskje sett design som liknar, men likevel har designet eit særpreg som er lett å kjenna igjen. Figurane er originale og det er sommarfuglane også.
______________________________________________________________________________________________





Design for Øyafestivalen i Norge. 2004, Eirik Seu Stokkmo

Typografi:
Det som er litt spesielt med skrifta eller måten det er skrive på er at det står Ö i staden for Ø.
Skrifta er ikkje spesielt framtredane, det kommuniserer godt med motivet. På den kvite bakgrunnen er det lett å sjå kva det står og fargane og storleiken gjer at det ikkje stel oppmerksemda frå motivet.

Fargar:
Det er mykje bruk av fargar på bilete, men fargane er nedtona og gjer at det blir behagelig å sjå på. Dei gråe ”stjernene” bak sommarfuglane passar godt med fargane og storleiken på sommarfuglane. Den kvite fargen i bakgrunnen fungerer godt med motivet.

Komposisjon:

Motivet fungerer bra på formatet av produktet. Dei tre sommarfuglane gjer biletet fargar og liv. Bokstavane som er plassert under sommarfuglane, trer godt fram, men tek ikkje all oppmerksemda frå biletet.

Teknikk:

Sidan det er bruk av ganske mange fargar vil eg tru at digitale verkemiddel er brukt.

Målgruppe:

Alle som likar fellesskap, sommar, sol og musikk. Fellesskap fordi det er tre sommarfuglar. Sommar og sol fordi det er då sommarfuglane trivest. Musikk fordi stjernene bak sommarfuglane kan assosierast med rytme(?).

Kreativt/Originalt:
Eg har sett sommarfugla før i forbindelse med musikk og sommar. Eg vil ikkje seie at det er så veldig originalt.
______________________________________________________________________________________________



T- skjortemønster for reload, Branstads eigen kolleksjon av klær. 2004

Typografi:

Her er den typografiske utforminga viktig. Det skal komme godt fram kva som er bedrifta sitt namn. For å få dette fram er det brak av kontrastar og store og små bokstavar.

Fargar:
Her er det bruk av to fargar. Oransje som bakgrunnsfargen og ein slags brunfarge som får fram motivet.

Komposisjon:
Det meste av motivet er plassert på den høgre sida av bilete. Ein kan sei at designet består av fira element. Ein har bilen og flammane som slikkar seg bortover mot venstresida. Så har ein bokstavane, orda og tala og til slutt har ein ”boblane” som omringar nokre av orda og tala.

Teknikk:

Her vil eg tru det er bruk av siletrykk.

Målgruppe:
Målgruppa denne gong er menn. Grunnen er bilen og flammane som blir illustrert, fargane som er brun og oransje appellerer også til menn.

Kreativt/Originalt:
I likskap med dei andre designa vil eg også seie her at motivet ikkje er spesielt originalt i og med at du kan finna liknande motiv andre plassar. At bilar er meir ein gutteting enn jenteting er ikkje originalt i det heile.

onsdag 10. mars 2010

Ein grafikar

Jon Burgerman


Note: Det var ikkje lett å finne informasjon om denne kunstnaren.

Burgerman er ein britisk kunstnar som blei fødd i Nottingham.
Han er ein utdanna kunstnar og gjekk blant anna på skule i Birmingham og i heimbyen Nottingham.

Han har ein veldig fleksibel måte å arbeida på. Både digitale verk, dukkelaging og animasjonar er noko av det han driv med.
Det han er mest kjend for er hans teikneserie liknande figurar, men han teiknar også karikaturteikningar, illustrasjonar for barn osv. Det som går igjen i kunstverka hans er at dei er heilt proppa full med figurar. Fargane er sterke og det er mykje bevegelse i bileta.



Du kan finne kunsten hans overalt: på klede som sko og t- skjorter, plastfigurer, som tatoveringar og på vegger. Gjennombrotet hans kom etter han laga eit albumcover for ein DJ ved namn Charles Webster.
Etter han blei kvitt flyskrekken sin i 2001 har han hatt fleire utstillingar rundt om i verda. lammaneset



Ein plastfigur


Eit typisk Burgerman bilete


Little Big Planet Stickers

Grunnen til at dette bilete er eit typisk Jon Burgerman bilete, er fordi 1. heile bilete er dekka med figurar, 2. figurane er teikneserieliknande figurar, og 3. det er bruk av mange fargar.

Kva ser eg:
Det fyste som slår meg er at det er eit kaos eg er konfrontert med. Det er ikkje samanheng mellom kvar figur. Sjølv om dei er i same bilete har dei ikkje noko med kvarandre å gjere.
Dei fleste figurane er glade, nokre av dei ser litt engstelege ut, men det gjer ikkje at bilete får eit anna preg ein lykke og humor.
I tillegg til alle figurane kan du også finne tree, planter, frukt/grønnsaker, hus, bein, bokstavar, gjenstandar, diamant, ein fot osv. Bakgrunnen er ein einsfarga gråbrun farge.
Det er ikkje tvil om at det er ein person med fantasi som har laga dette bilete.

Som bioen til Burgerman er det også vanskelig å få noko informasjon om bileta hans. Slik eg har forstått er dette bilete eit bidrag til eit spel som heiter Little Big Planet.
Det er ikkje mykje informasjon ein kan få gjennom å berre sjå på bilete heller. Som for eksempel korleis han har laga det. Filmar han har lagd ut for å vise prosessar i arbeidet sitt kan gje oss ein ide om at han kanskje teiknar opp strekteikningane først (såkalla lineart) og deretter fargelegg han med tusjar.

Du oppdagar heile tida nye figurar i bilete, det er noko av det som gjer bilete spanande. Legg merke til at den brune pølsefiguren oppe i høgre hjørnet er den same figuren som på bilete litt lenger opp på dette innlegget.


Film der Jon Burgerman teiknar på ein vegg

Animasjon som er basert på Jon B. sine teikningar.

mandag 8. mars 2010

Om bokkunst og illustrasjon

Oppgåve:
På bloggen din skal du presentere ei bok som du opplever som særleg vakker/spennande/inspirerande på grunn av utforminga og/eller illustrasjonane.Det kan vere ei barnebok som du hugsar frå din eigen barndom på grunn av illustrasjonane, ein teikneserieroman, ei kunstbok eller ei anna bok.



Tittel: I Morgentåkedalen
Forfattar: Jan Deberitz
Illustratør: Ronald Jakobsen
Utgjevingsår: 1981
Forlag: Fabritius

Boka er på 48 sider og inneheld illustrasjonar på kvar side. Teknikken på bileta er truleg vannmaling.



Historie:
Boka handlar om mosetussen Myrull som forlet sine venner i den trygge hola for å leite etter kjempesoppen. På vegen treff han mange skapningar, både snille og vondsinna. På ferda lyt han passa seg for Grumlaren, eit stort uhyggjeleg moster som alle i Morentåkedalen er redde for. Boka ender med at Myrull kjem tilbake til hola og fortel om kjempesoppen som han fann.



Som barn blei eg veldig fasinert av dei ”skumle” illustrasjonane. Det er ikkje bruk av sterke fargar, meir duse og nedtona, det passar bra til skogen som er innhylla i skodde. Bileta fekk verkeleg spenninga til å stige. Når du kunne skimta den skumle Grumlaren mellom trea kunne du høyra ditt eiga hjarte banka hardt og auga og øyre stod på stilk. Malestilen er lett og ledig, lite bruk av sterke fargar og detaljar.
Det er ikkje tvil om at det er ei barnebok. Historia har ingen djup meining (kanskje borte bra men hjemme best) og den er enkel å forstå. Kanskje litt vanskelig å lese for ein nybegynnar.

tirsdag 23. februar 2010

Zhang Jingna

Zhang Jingna er ei 22 år gammal jente som vart fødd 4. mai 1988 i Beijing i Kina. Då ho var 8 flytta ho til Singapore.
I sine tidlege ungdomsår var det skarpskyting som var den største interessa hennar. Og som 14 åring slo ho den nasjonale rekorden i denne idretten. Det hende berre 9 månadar etter at ho byrja med sporten. Etter at ho hadde vunne ein del prestisjetunge konkurransar vart ho kåra som sports jenta av året 2006 av Singapore Nasjonale Olympiske Råd.

Det var ikkje før ho vart 16 at ho for alvor starta med fotografering og i 2007 slutta ho på det nasjonale lage i skarpskyting for å bli ein profesjonell fotograf. Det same året blei ho eit av medlemma i Masters Photographers Association, etter berre 6 månadar som profesjonell fotograf hadde ho allereie teke bilete for Mercedes Benz, Pond’s, Wakom og nokre til. Året etter hadde ho sin første solo utstilling i The Arts House i Singapore. Ho kalla utstillinga ”Something Beautiful”.
Nokre personar som ho får inspirasjon frå: Peter Lindbergh, John William Waterhouse and Yoshitaka Amano.



Redemption av Zhang Jingna



Eg likte dette biletet svært godt. Fotoet er enkelt, men samstundes ganske kraftig og ”livlig”.
Det einaste me ser på bilete er ei jente som poserer. Ho har svart hår og kjolen hennar er heilt kvit, det er berre overkroppen me kan sjå på bilete. Den einaste bakgrunnen som ein kan sjå er ein gråfarge som er lysast i midten og tonar ut i ein mørkare farge i ytterkanten av bilete. Det er litt vanskelig å sjå kvar lyset kjem frå, men det kan virke som om det kjem frå den sida av jenta som me ikkje ser, eller det kjem frå ”taket” oppe til venstre.
Det kjem ein vind frå bakken og får alt til å røre på seg.
Det er nesten ikkje fargar på biletet, det kan nesten virke som om det er eit svart og kvitt, men den lyse rosafargen på huden avslører.
Den kvite kjolen mot det svarte håret passar ganske godt. Det kan virke som om bilete kjem litt i ubalanse pga det mørke håret, men skuggen på hendene og det kvite på kjolen gjer at fotoet blir meir eller mindre balansert.
Noko av det som er fint med dette biletet er at fokuset er retta på kjolen, ein kan sjå at både håret og andletet er litt uklart. Fokuset på kjolen gjer at biletet blir fult av liv sjølv om det er ganske enkelt.
Eg synest det er vanskelig å tolke dette bilete. For å forstå bilete trur eg det blir viktig å sette bilete i samanheng med tittelen som er redemption som då tydar befrielse. Då blir det med eit fleire måtar du kan tolke bilete på. Kjolen kan sjå ut som eit par vingar bak på ryggen. ”Fri som ein fugl” er jo eit kjend uttrykk. Og då assosierer eg det med det. Så kan det ha eit meir sjeleleg preg. At vinden som pressar kjolen opp blir eit symbol på at sjela forlat kroppen på eit vis, då kan jo død komme med inn i bilete. Men det vil på ein måte bety det same, enten du blir fri som fuglen eller sjela blir sett fri så vil befrielse vere eit nøkkelord. Eg er usikker på kva fotografen kan meine. Det kan kanskje spegle tilbake på hennar eige liv. At ho kanskje følte seg fengsla på eit vis, men når ho byrja med sin fotokarriere følte ho seg fri?







onsdag 10. februar 2010

Om fotografi

Oppgåva:
Finn eit fotografi som du likar, eller som engasjerar deg innan kvar av dei 3 fotografiske sjangrane under. Linkane er berre døme! Skriv om fotografia, prøv å sei noko om både komposisjon, fargebruk, og uttrykk. Fortell også om fotografen og kvar du fann bilete.

* Reportasje
* Dokumentasjon
* Kunst

Presenter tekst og fotografi på bloggen din.

Reportasje
Elkems ofre av Richard Sagen


Eit bilde i no'et var eg på utkikk etter og det føler eg at eg fann i dette biletet. Med varme flammar og gnistar er dette fotoet ganske så dramatisk. Varmen som nok er ganske påtrengande i verkelegheita kan du nesten merke på kroppen. Det kan virke som om brannmannen har møtt eit fryktingytande monster som sprutar ild. Ein kan vel kanskje skildre ein brann på den måten…? Det gjer bilete eit preg av mot og styrke.
Fargane i dette biletet er prega av forskjellige raude nyansar.
Det er ikkje ein kjend fotograf som har teke dette biletet. Fotoet blei teken i fobindelse med konkurransen "årets bilete".


Dokumentasjon
Generasjoner på flukt av Espen Rasmussen



Eg syntest at dette biletet var ganske bra. Det illustrerer godt fattigdom og nød. Tittelen blir difor linka bra til biletet. Sjølv om det er mykje detaljar i biletet er det eit ganske bra fokus på den vetle skikkelsen i midten nede på biletet. At biletet er i svart og kvitt er ein god effekt på dette fotoet, biletet blir enda meir mørkt og dystert. Fotoet gjer deg inntrykket av at alt er håplaust, men likevel gjer den vetle skikkelsen eit håp, om viljen til å overleve og eit ynskje om betre tider. For med sitt flyttelass er han/ho jo ute etter ein betre plass å bu.
Som det første biletet så er også dette fotoet henta frå konkurransen "årets bilete"


Kunstuttrykk
Redemption av Zhang Jingna
Deviantart profil



Eg likte dette biletet svært godt. Fotoet er enkelt, men samstundes ganske kraftig og ”livlig”. Det er nesten ikkje fargar på biletet, det kan nesten virke som om det er eit svart og kvitt, men den lyse rosafargen på huden avslører.
Den kvite kjolen mot det svarte håret passar ganske godt. Det kan virke som om bilete kjem litt i ubalanse pga det mørke håret, men skuggen på hendene og det kvite på kjolen gjer at fotoet blir meir eller mindre balansert.
Noko av det som er fint med dette biletet er at fokuset er retta på kjolen, ein kan sjå at både håret og andletet er litt uklart. Fokuset på kjolen gjer at biletet blir fult av liv sjølv om det er ganske enkelt.

Zhang Jingna er ei dame på 21 frå Singapore. Sjølv om ho berre er 21 år har ho teke bildet for kjende merker som bilfirmaet Mercedes Benz og elektroni kjeda Wacom. Heimesida